Nyheter

Annaleis trening

J12 har dei siste dagane hatt nokre treningar utanom det som er vanleg

 

 


Tirsdag 27/10/15 Marita Drønnesund

Takka vere trenarar med ulik kompetanse fekk jentene på fredag sjansen til ei litt annaleis treningsøkt. Kristin hadde booka spinningrommet, og jentene var treningsvillige og møtte opp. 1 time med spinning var kjempekjekt, og fristar nok til gjentaking. 

Tirsdag var det på ny duka for ei litt annaleis treningsøkt. Denne gongen var det tidlegare verdsmester og europamester i boksing og kickboksing Henriette Birkeland Kitel, og mannen hennar Martin Kitel som dukka opp i Midsundhallen. Martin er tidlegare landslagstrenar og har vore med på å sikre Norge 15 Em og Vm medaljer på kvinnesida i boksing. 

Dei hadde laga opp til ei variert treningsøk for jentene. Her skulle dei øve seg på styrke, bokse, fotarbeid og kondisjon. Smilet var nok breiast på jentene då dei fekk slå trenarar Per Arne Sletten og Kristin Heggdal i magen med boksehanskar. 

Kjekt å trene litt annaleis, og her fekk dei kjenne på korleis det var å bruke litt musklar. Om ikkje dei kjente det akurat der og då, so tippar eg det kjennes i morgonsmiley

Eine oppvarmingsøvelsen var å bryte seg ut når det stod 3-4 jenter rundt og holdt så hardt dei kunne. 

 

        Her er ein øvelse der det er skulder mot skulder for så å prøve å presse den andre bakover nokre meter. 

            Frå fredagens spinningøkt.