Nyheter

Seriestart J12

Det vart ein god seriestart for begge j12 laga i Midsundhallen søndag 18 oktober. 


Søndag 18/10/15 Marita Drønnesund

Endeleg seriestart, og j12 hadde til saman 4 kampar. 2 kampar på kvart lag, mot henholdsvis Elnesvågen 1 og Elnesvågen 2.  

Første kamp for Midsund 2 var mot Elnesvågen 2.  Grei start, og pauseresultat var 9-4 til oss. Sluttresultatet vart heile 17-6.

Så var det Midsund 1 sin tur mot Elnesvågen 1. Ikkje so mykje å sei om 1 omgang, anna enn at vi leda 10-0 til pause. Sluttresultatet vart 16-5 til Midsund 1.  

Litt kviling med ein G11 kamp før det var  Midsund 1 sin tur igjen, denne gongen mot Elnesvågen 2. Sluttresultatet vart her heile 20-5 til Midsund 1. 

Etter en lang dag i Midsundhallen, var det klart for sist kamp for j12 laga, Midsund 2 mot Elnesvågen 1. Etter ein slapp først omgang der vi låg under 3-4 pause, vakna vi i 2 omgang og vann til slutt 11-7. 

Ein flott handballdag, med 4 seiere av 4 mulige. Godt å sjå at fleire av jentene tør å prøve å skyte på mål, vi ser kvarandre litt meir, mange redningar av våre keeperar, og har fleire innspel til strek, (som forøvrig er første gong vi spelar med), og fleire skudd frå ving. Det er mykje positivt å ta med seg frå begge lag, og ting vi fortsatt må øve mykje meir på, men alt i alt ein positiv start på sesongen. 

Gode innhopp av dagens hospitanter Synne Tangen og Leah Isabel M. Sletten.

Målscorere Midsund 1: Oda Blø, Andrea Jenset og Ina Marie Risvik. Elles består Midsund 1 av Erica Løken, Maritha Løken, Grete Hiir, Vilde S. Misund, Julia M.Sletten og Kine Raknes. 

Målscorere Midsund 2: Emma Obiech, Victoria M. Aasmyr, Synne Tangen, Ina Drønnesund og Tuva Langholm. Elles består Midsund 2 i dag av Maja Jarzabek, Kamilla Raknes, Kamilè Muleronkaite, Elida Ræstad og Leah Isabel M. Sletten. 

Neste kamper er i Raumahallen laurdag 31 oktober. Me gler oss :)