Nyheter

Kick off 2017

Det vart i dag arrangert kick off på sesongen 2017 på Midsund Stadion.


Fredag 12/05/17 Marita Drønnesund

Vi hadde i kveld invitert alle aktive i Midsund Fotball til kick off på årets sesong.

Midsund sitt 5.divisjonslag tok i mot Tingvoll på ei fantastisk flott grasmatte.

Tare kom på besøk og hadde med seg noko godt til dei yngste.

 

John Arne Øien fekk blomster for 450 kampar for Midsund. Andreas S. Orten og Johannes O. Sjøvik fekk

blomster for 100 spelte kampar.

 

Det vart kasta opp 5 fotballar frå Sparebanken Møre. Alle desse vann seg ein flott bag, dette og frå Sparebanken Møre.

Alle borna fekk pizzabollar og smoothie frå kiosken.

Det var loddsalg med flotte premiar. Sponsa fruktkorg fra Coop, gavekort verdi 500 kr frå Brattvåg Bowling og billettar til MFK sin neste heimekamp 16 mai mot Sogndal.

I pausa prøvde vi oss på den populære "crossbar challenge" der det er om å gjere å treffe tverrliggar frå 16 meters streken.

Vi hadde 14 stk som skulle prøve seg. Ein representant frå kvart lag i klubben.

Det vart til slutt Vidar Tangen og G16 som stakk av med den gjeve prisen. Eit gåvekort på kr 2000,- sponsa av Sparebanken Møre.

Ein fantastisk flott kveld, og at Midsund slo Tingvoll 3-2 til slutt, la heller ingen demper på stemninga.

Tusen takk til alle som møtte, og til alle våre medhjelparar som gjer at det går an å få til eit slikt arrangement. Det er mange som er i sving.

Tusen takk også til alle våre sponsorar. smiley

 

Neste heimekamp for a-laget er onsdag 24 mai. Vi håper då på minst like mange tilskodarar. smiley