Tirsdag 10/05/16 Marita Drønnesund
Ekko/Aureosen vitja Skeidvoll i ein tett og spennande G11 kamp no i kveld.
Ein god første omgang og gutane leia 4-2 til pause. John Ræstad x 2,Fredrik G.N og Sondre Martinus Rosvik på langskudd scora måla.
2 omgang vart veldig tett, og ein merka kanskje att kreftene tok litt slutt. Ekko/Aureosen starta best, og stillinga vart 4-4 etter 9 minutt. Etter 12 minutt scora Tobias Ræstad Jensen, 5-4.
I ei periode midt i 2 omgang var det mykje fram og tilbake, og nokre knallgode redningar av Noah G. Heggdal. Men Ekko/Aureosen utligna igjen, og etter 18 minutt var stillinga 5-5.
Så våkna Midsund til liv igjen og, Marco Lydersen Tangen og John Ræstad putta ballen i mål, 7-5 til Midsund.
Ekko/Aureosen fikk satt 7-6 før Sondre Martinus Rosvik fikk satt punktum og 8-6 til Midsund i det 28. minutt.
En jevn og tett kamp der Midsund til slutt trakk det lengste strået. Atter ein gong viser det seg at ein må jobbe i 2x 30 minutt for å vinne ein fotballkamp sjølv om ein ledar 2-0 etter 9 minutt.