Nyheter

God start på nyåret for j12

J12 laga starta det nye året på samme måte som dei avslutta det gamle.


Lørdag 16/01/16 Marita Drønnesund

Med seier for Midsund 1 og ein sterk uavgjort for Midsund 2 over serieleder Molde like før jul, var jentene klar for dyst igjen etter ein 14 dagers juleferie. 

Dei første på besøk i Midsundhallen 9 januar var Åndalsnes. 

Midsund 1 vann overlegent 23-5, mens Midsund 2 sleit seg til ein 14-13 seier.

I dag, 16 januar, var jentene på tur over fjorden til Vestnes. 

Midsund 1 vann 23-4 over Vestnes/Varfjell, og Midsund 2 vann 20-6. 

Neste helg er dei klare for kamper igjen, og med berre 8 serierunder igjen (10 for Midsund 2) leder Midsund 1 serien med kun 1 poeng. Her må det kjempes, og kvar ein kamp må vinnes for å behalde ledelsen. Midsund 2 ligg på 5 plass i serien, men med både 4 og 5 kamper mindre spela enn dei som er over, så her er det gode sjanser for å klatre oppover tabellen. 

Men viktigast av alt. Jentene har eit kjempesamhald, og synes det er kjekt å trene, og ikkje minst å spele kampar :)