Nyheter

To målvakter klar for Midsund

Etter fleire sesongar der Midsund har slete med denne posisjonen, håpar vi no på ei løysing.


Søndag 09/04/17 Midsund IL Fotball

I fjor var det Freddy Myhre og Tim Skottheimsvik som bekledde denne posisjonen. Begge gjorde ein kjempejobb når dei var heime, men Freddy er fiskar og Tim jobba i Bergen. Dette gjorde at Midsund måtte stille med utespelarar i mål i fleire kampar. Begge dei to nye målvaktene har tidligare erfaring frå fotballen, men dei seinare år har det vore handballen som har vore idretten dei har bedrevet. Begge har imponert i vinter på treningsfeltet og vi gler oss til å sjå dei i kamp. Gunnar Hofstad(venstre) er midsunding mens Frank Vilnes (høgre) har flytta hit frå nabokommuna Haram. Det er og positivt at Freddy fortsatt er med og stiller opp på kamp og trening når han er heime.