Mandag 13/06/16 Marita Drønnesund
Midsund G7 var i helga på Romsdalscupen ved Øyra Stadion i Aureosen/Malmefjorden i strålande sommerver☀️ Midsund stilte med 2 lag à 7 spelarar, der Midsund 1 spelte på lørdag og Midsund 2 på søndag. Dei spelte 3 kampar kvar à 18 min.
Lørdag var motstandarane Malmefjorden, Molde 2 og Træff 2. Gutane kjempa veldig godt! Spesielt fekk dei slite mot Molde og Træff der dei låg under lenge - men klarte å snu begge kampane og gjekk til slutt seirande ut😊 Fantastisk innsats som enda med seier i alle kampane der Midsund totalt scora 15 mål! 😊
Søndag var motstandarane Molde 3, Træff 1 og Ekko/Aureosen 1. Midsund med storseier mot Molde og Ekko, mens det vart litt meir motstand i kampen mot Træff. Heile 23 scoringar av Midsund denne dagen - med mykje godt lagspel! 😊
Stor stas med utdeling av flott pokal og mfk-billett i premie - vel fortjent! 🙂
Kjempekjekk helg i sola både for gutane, trenerar og foreldre 😊
Stine Koppen Heggdal